Anne Grethe Hauan
Komiteer
- Helse- og omsorgskomiteen
Aktivitet
64 spørsmål · 1 saker som saksordfører · 1796 registrerte stemmer
Saksordfører for
Nyeste spørsmål
- Kva vil statsråden gjera for å sikra at alle apotek har ei robust og fungerande reserveløysing når dei nasjonale resept- og ekspedisjonssystema sviktar, slik at pasientar får nødvendige reseptpliktige legemiddel også på kveldar og i helger, og vil statsråden sørga for tydelege og like nasjonale nødprosedyrar ved langvarig nedetid?
- Kva konkrete resultat har kome ut av dialogen statsråden varsla med Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka etter funna ved Sykehuset i Vestfold HF, jf. Dokument 15:2341 (2025–2026), og kva nye nasjonale tiltak vil statsråden setja i verk etter dei alvorlege funna om langvarig beltebruk ved Sandviken?
- Har regjeringa vurdert kostnadane og dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å innføra refusjon for førebyggjande behandling hos autorisert fotterapeut for personar med diabetes som har moderat eller høg risiko for fotsår, og dersom dette ikkje er vurdert, vil statsråden ta initiativ til ei slik utgreiing?
- Korleis vil statsråden sikra at spesialiteten i psykoterapi for barn og unge blir vidareført og tatt vare på i arbeidet med ei eventuell offentleg spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for psykologspesialistar, slik at barn og unge med komplekse og langvarige vanskar framleis får tilgang til nødvendig psykoterapeutisk kompetanse i den offentlege helsetenesta?
- Vestfold står framfor ein kraftig vekst i talet på eldre. Samtidig aukar behovet innan psykisk helse, rus, rehabilitering, kroniske sjukdommar og avansert medisinsk behandling. Regjeringa forventar kortare ventetider og høgare aktivitet, medan den økonomiske langtidsplanen til Sykehuset i Vestfold viser at sjukehuset får eit strammare økonomisk handlingsrom. Meiner statsråden at dagens økonomiske rammer er tilstrekkelege til å møta denne utviklinga, eller ser statsråden behov for å styrkja finansieringa?
- Kva vil statsråden gjera for å sikra tilstrekkeleg fagkompetanse og forsvarleg bemanning i døgnbaserte tenester innan psykisk helsevern, og kva tiltak vil statsråden setja i verk for å redusera bruken av ufaglærte og hindra at fleire sjukepleiarar sluttar i tenesta?
- Kva krav gjeld til lysbehandlingsutstyr hos avtalespesialistar som behandlar pasientar med psoriasis på vegne av den offentlege spesialisthelsetenesta, og meiner statsråden at dagens krav sikrar eit likeverdig behandlingstilbod, mellom anna tilgang til lyskam for pasientar med psoriasis i hovudbotnen?
- PMOS (tidlegare PCOS) er ei av dei vanlegaste kroniske hormonforstyrringane hos kvinner og rammar om lag 300 000 kvinner i Noreg. Likevel finst det ingen eigne medisinar, kunnskapen er framleis mangelfull, og mange blir behandla med legemiddel utvikla for andre sjukdomar. Kva vil statsråden gjera for å styrkja forsking, utvikla betre behandling og vurdera refusjon for medisinsk nødvendige behandlingar av dokumenterte følgjer av PMOS?
- Meiner statsråden det er akseptabelt at pasientar i Noreg framleis får lungekreft oppdaga for seint, etter sju år med utgreiing utan resultat – eller tek statsråden no ansvar og sørgjer for at dette ikkje blir endå ei sak som blir liggjande medan tida går og folk døyr i påvente av handling?
- Menneske med migrene, klasehodepine og andre alvorlege hodepinesjukdomar skal ofte leva med sjukdomen resten av livet. Vil statsråden ta initiativ til å etablera eit rehabiliteringstilbod som gir desse pasientane kunnskap om sjukdomen, meistringsstrategiar og hjelp til å handtera kvardagen?