Alfred Jens Bjørlo
Aktivitet
407 spørsmål · 0 saker som saksordfører · 7067 registrerte stemmer
Nyeste spørsmål
- Kan samferdsleministeren lage ei oversikt over samla beløp brukt til investeringsformål innanfor høvesvis vegtransport, jernbanetransport og sjøtransport (havner og farleder) siste 10-årsperiode (2016-2025) og siste 4-årsperiode (2022-2025) - sett opp mot andelen av samla persontransport og godstransport for desse tre transportformene?
- Kan næringsministeren gjere greie for korleis regjeringa konkret dei siste månadene har arbeidd for å hindre at Noreg ikkje kjem på utsida av eventuelle tollmurar EU innfører for å beskytte stål- og jernindustrien, er næringsministeren enig i at det høgst truleg vil bli stadig viktigare for Noreg å bli ein del av EUs felles handelspolitikk, noko vi i dag ikkje er gjennom EØS-avtalen og kva konkrete andre muligheter til å oppnå dette ser regjeringa enn at Noreg blir fullverdig medlem av EU?
- Statsministeren skryt av at regjeringa sin «ansvarlige og trygge økonomiske politikk» har vore med å legge grunnlaget for Norges Banks rentekutt 18/9-25 på 0,25 %. Har regjeringa sin politikk og høge pengebruk på same måte vore med å legge grunnlaget for renteaukene 16/12-21, 24/3-22, 23/6-22, 18/8-22, 22/9-22, 3/11-22, 15/12-22, 23/3-23, 4/5-23, 22/6-23, 17/8-23, 21/9-23 og 14/12-23 på til saman 4,25 % og at Noreg no har den suverent høgaste styringsrenta i Norden med dei byrdene det gir folk flest, særleg dei med dårleg råd?
- Kvifor blei fem dokument om Norgespris og forholdet til EØS-avtalen frå Wiersholm mottatt av Energidepartementet 14. februar, 19. februar, 27. februar, 14. mars og 23. april ikkje fortløpande ført inn i postjournalen, men først journalført 16. juli, 24. juli og 18. august, og kvifor opplyste ikkje energiministeren i sine svar på Dokument nr. 15:2650 (2024-2025) og Dokument nr. 15:2825 (2024-2025) Stortinget om at det eksisterte endå fleire dokument frå Wiersholm om saka som ikkje var journalført?
- Er helseministeren enig i at forslaga som no ligg på bordet om å legge ned barselavdelinga og skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er uforeinleg med å sikre Nordfjord Sjukehus som ein samla nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus, og uforsvarlege når det gjeld folk i Nordfjord sin rett på fullverdige og likeverdige helsetenester, jmf. også mitt skriftlege spørsmål dokument nr. 15:2688 (2024-2025)?
- Finansministeren har nylig lovd å rydde opp i regelverk som forskjellsbehandlar store industribakeri og små handverksbakeri som produserer og sel varene under samme tak når det gjeld sukkeravgift, jmf. svar på mitt spørsmål Dokument nr. 15:2877 (2024-2025). Vil landbruksministeren sørge for tilsvarande opprydding i regelverk når det gjeld TINE si forskjellsbehandling av muligheten til å bli industrikunde og få innkjøpsprisar som følger av det mellom kjedebakeri og små handverksbakeri som produserer og sel varene under samme tak?
- Kan næringsministeren gi Stortinget ei fullstendig oversikt over den nye konkurransedirektøren sine klientforhold i noverande jobb som kan gjere han inhabil i sin nye jobb, og kva vurderingar har Regjeringa gjort av konsekvensar for tilliten til Konkurransetilsynet av at den nye konkurransedirektøren har nære bindingar/ klientforhold til den største aktøren på dagligvaremarkedet, og evt. også andre aktørar på marked som Konkurransetilsynet har ansvar for?
- Det spesialtilpassa SAS-flyet som Forsvaret mellom anna bruker til luftevakuering av skada ukrainske soldatar til sjukehus i Europa (MEDEVAC), går mot slutten av si levetid på grunn av maksgrenser for driftstimar og flyoperasjonar. Kan Forsvarsministeren forsikre om at det er nødvendig framdrift i arbeidet med å få på plass eit nytt spesialtilpassa fly i tide til å unngå avbrot i dette viktige norske bidraget til Ukraina, når vil det nye flyet stå klart og ligg det føre ein plan for å handtere ei eventuell forseinking?
- Bygging av Stad Skipstunnel er utlyst som ein anbodskonkurranse med påfølgande forhandlingar. Fristen for å levere inn anbod var i juni 2025. Kan statsråden garantere at dei påfølgande forhandlingane for å få prisen ned vil vere ferdigstilt i tide til regjeringa si framlegging av statsbudsjettet for 2026?
- Ålesund fengsel er frå 1864. Det er for lengst slått fast at bygget ikkje lenger er eigna som fengsel, verken for innsette eller tilsette. Bygget har ikkje kvinneplassar og er ueigna for funksjonshemma. Ålesund har heller ikkje varetektsplassar, og det er betydeleg underdekning av soningsplassar i Møre og Romsdal. I statsbudsjettet varsla regjeringa ei utgreiing av nytt fengsel/ soningssenter i Ålesund i 2025. Ei ferdig regulert tomt står allereie klar. Kor langt er utgreiingsarbeidet kome, og når vil utgreiinga vere ferdig?