Lisa Marie Ness Klungland
Aktivitet
15 spørsmål · 0 saker som saksordfører · 7061 registrerte stemmer
Nyeste spørsmål
- Vil statsråden be Miljødirektoratet om å endra rettleiaren for kommunale avfallsgebyr slik at kommunal avfallssektor kan drifta ombruksbutikkar?
- Legg regjeringa til grunn at investeringar i injeksjonskapasitet for CO₂ som blir pålagd petroleumsnæringa gjennom EU sin Net Zero Industry Act (NZIA) skal vera frådragsberettiga i særskattegrunnlaget for petroleumsverksemd, og dermed i stor grad bli finansiert gjennom redusert statleg skatteinngang og på ein måte som omgår handlingsregelen, eller er det forventa at næringa sjølv skal bera investeringskostnaden utan eit slik frådrag?
- Vil statsråden gjera greie for korleis regjeringa vurderer forhaldet mellom implementeringa av Net Zero Industry Act (NZIA) og Grunnlova § 97, sett i lys av at forordninga inneber ein investeringsplikt for olje- og gassprodusentar basert på aktivitet i perioden 2020–2023, og korleis dette kan vera foreineleg med forbodet mot tilbakeverkande lovgjevnad?
- Kor mange og kva podkaster blir produsert og har blitt produsert i regi av departement, direktorat, statlege selskap og statlege føretak i perioden 2020-2025?
- I kommunikasjonseininga i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet jobbar det seks personar. I Bane NOR jobbar litt over 30 personar med kommunikasjon. Politiets IT-eining har eigen podkast og ein Instagram-profil med over 150 publiserte innlegg. Miljødirektoratet har ein podkast med over 70 episoder. Korleis har talet statlege tilsette som jobbar med kommunikasjon utvikla seg dei siste ti åra?
- Kva konsekvenser vil det gje for folk i Stavanger dersom eldreomsorg blir statleg finansiert?
- Korleis vil avviklinga av Mattilsynet sine regionkontor påverka oppgåver og tilsette på kvart av Mattilsynet sine kontor som var regionkontor fram til 1. mai?
- Etter at Ap har innført dei tre første direktiva av 4. energimarknadspakken, kva konkrete grep vil regjeringa gjera i forhald til dei fem siste?
- Kva vil regjeringa gjera for å sikra låge og stabile straumprisar til små og mellomstore bedrifter med variabel/sesongavhengig straumforbruk eller forbruk under ein million KWh årleg?
- Korleis vil statsråden følga opp fylker som ikkje gjennomfører tiltak vedteke i Stortinget?