Olve Grotle
Aktivitet
53 spørsmål · 0 saker som saksordfører · 7033 registrerte stemmer
Nyeste spørsmål
- Ser finansministeren alle dei negative konsekvensane fjerning av fritaket for CO₂-avgifta for fiskerfartøy i fjerne fartøy som bunkrar i Norge vil ha for fiskeria våre og fiskeindustrien vår, bunkersstasjonane langs kysten vår og beredskapen vår, og kva vil finansministeren nå gjere?
- Er fiskeri- og havministeren samd i at deltakarlova er for firkanta og rigid ved generasjonsskifte, og vil ministeren i så fall endre praksis ved fritaksbehandling og/eller ta initiativ til nødvendig endring av regelverket?
- Kan eg be om ei oversikt over tal på trafikkontrollar politiet (UP) har gjennomført i Sogn og Fjordane GDE dei siste fem åra, og kva type kontrollar dette har vore?
- Kan eg be om ein tabell som viser dei 50 verksemdene i Sogn og Fjordane som betalte mest skatt i 2023 og kor mykje dei betalte?
- Spørsmålet går til næringsministeren. Arbeidarpartiet og Senterpartiet sørgde i regjering for at ein frå 1. januar 2024 gjekk frå kronetoll til prosenttoll for enkelte landbruksvarer. Som følgje av dette auka tollen på kålrot, for å ta eit eksempel, frå 21 pst. i 2023 til over 280 pst. i 2024. Dette kjem i tillegg til at vi allereie hadde og har ein kraftig auke i matvareprisane. Frå februar 2024 til februar 2025 steig prisane på matvarer med 7,6 pst. Tal frå Eurostat viser at prisveksten i Noreg på matvarer det siste året er vesentleg høgare enn i EU generelt. Samstundes som vi er i ei vanskeleg dyrtid, vil altså regjeringa leggje opp til ein politikk som gjer det dyrare for norske forbrukarar. Og ikkje berre det, det sender eit svært uheldig signal til våre handelspartnarar. EU-kommisjonen kritiserte denne omlegginga i fjor. Spørsmålet er no kva amerikanarane vil gjere. I ein svært spent geopolitisk situasjon sender auka norsk toll eit svært uheldig signal. I industrimeldinga, som nyleg blei lagd fram, står det at vi skal arbeide for det regelbaserte handelssystemet og styrkje dette. Finansminister Jens Stoltenberg snakka på morgonnyheitene i dag om toll og kor skadeleg det er. Anerkjenner statsråden den negative signaleffekten av å auke tollen på matvarer i ei tid der det er viktig å hegne om internasjonal handel?
- Høgre har frå første stund vore kritisk til bruk av normprisråd i havbruksnæringa. Vi har sagt at det vil bli eit kostbart byråkrati for det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa, og vi har advart mot ei tilfeldig og uriktig skattlegging. Prisrådet har no kome med sine første forslag til normprisar, og det har gått som vi har frykta. Sjømat Norge har nyleg i brev til Finansdepartementets slått fast: Salmon Group, som er eigd av 40 lokale lakse- og aure-produsentar, har kome med liknande bekymringar og påvist at fleire av deira bedrifter kan få feilaktige skatterekningar på millionar av kroner. Enkeltaktørar som familiebedrifta Ellingsen Seafood i Lofoten, varslar om systematisk feilskattlegging og at bedrifta får ein auke i skattegrunnlaget på 10 mill. kr, pengar dei ikkje har. Dette er inga overrasking. Det har gått som Høgre, havbruksnæringa og andre har advart mot: Normprisane er systematisk upresise og uriktige og ville føre til gjennomgåande feil skattlegging av næringa. Kva meiner statsråden om at ei rekke havbruksbedrifter no kan få skatterekningar med store feil, og ser statsråden òg den store uvissa det gjev for verksemdene?
- Kan eg be om ein tabell som viser kor mange TWh ny kraft det er gjeve konsesjon på kvart år dei siste 20 åra (inkludert talet som er gjeve så langt i 2024)?
- Kan statsråden forsikra at det snarast blir gitt klarsignal om reetablering av villrein i Nordfjella sone 1?
- Har samferdsleministeren forståing for situasjonen på Kaupanger i Sogndal kommune slik denne er skildra i brevet til Statens vegvesen av 7. juli 2024, og kan han stadfeste at svv i saka har høve til å fastsette at 60 km-sona skal bli gjort permanent og at det ikkje er noko regelverk som hindrar dette?
- Historikken med dei to vedtaka har så lang derimot vist at Bremanger kommunen har kome til kort i sine freistnader på å få til ordning som kan hindre ulykker i via ferrataen i Hornelen. Kan klima- og miljøministeren stadfeste at Bremanger kommune gjennom endring av reguleringsplanen har høve til fastsette at Hornelen Via Ferrata berre kan brukast i følgje med godkjent klatreguide?