Forlengd innkrevjingsperiode for Bypakke Nord-Jæren i Rogaland og samanslåing av tilskot i belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda
Kort om vedtaket
Stortinget har handsama ein proposisjon frå regjeringa om forlengd innkrevjingsperiode for Bypakke Nord-Jæren i Rogaland og samanslåing av tilskot i belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda.
Stortinget slutta seg til forslaget om forlengd innkrevjingsperiode og til at bompengeselskapet Ferde AS løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar ut 2038.
Vidare slutta Stortinget seg til at det i bypakken kan innførast fleksible bompengetakstar innanfor den fastsette gjennomsnittstaksten dersom det blir fatta lokalpolitikse vedtak for differensiering av takstane.
Samferdselsdepartementet fekk fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet. Avtala gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor føresetnadene i Prop. 92 S (2024-2025).
Emner
Vegvesen
Saksgang
- Forslag
- Komitebehandling
- Debatt og vedtak
Saksordfører
- Jone Blikra (A)
Voteringer
- Votering 25321 – Ikke vedtatt, 12 for og 93 mot
- Votering 25322 – Ikke vedtatt, 12 for og 93 mot
- Votering 25323 – Vedtatt, 80 for og 25 mot