Stortingsradar

Regulering av pensjonar i 2026 og inntektstilhøve for pensjonistar

Alminnelig sak · Behandlet · Arbeids- og sosialkomiteen · Sesjon 2025-2026

Kort om vedtaket

Lønnsveksten i 2026 vart anslått til 4,4 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 4,9 pst. i 2025. Det ligg føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,5 prosentpoeng, som det skal takast omsyn til i årets regulering. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2026 på 4,92 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,91 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 128 116 kroner i 2025 til 134 419 kroner i 2026. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2026 er 136 549 kroner.Veksten i konsumprisane i 2026 er anslått til 3,5 pst. Faktisk prisvekst i 2025 er fastsett til 3,1 pst. Det er eit positivt avvik på 0,8 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering. Samla prosentvis prisvekst i 2026 er 3,81 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 4,37 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 4,69 pst. frå 1. mai.

Emner

Trygder

Saksgang

  1. Melding
  2. Komitebehandling
  3. Debatt og vedtak

Saksordfører

Voteringer

Innstilling

Innst. 451 S (2025-2026) ↗

Se kilden på stortinget.no ↗