Regulering av pensjonar i 2023 og inntektstilhøve for pensjonistar
Kort om vedtaket
Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Grunnbeløpet (G) regulerast i samsvar med lønnsveksten.
Lønnsveksten i 2023 vart anslått til 5,25 pst. Det vart lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2022 på 3,7 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 4,3 pst. i 2022, som skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2021 er fastsatt til 3,5 pst., og det ligg ikkje føre avvik dei to siste åra. Samla årleg lønnsvekst i 2023 er på 5,88 pst. Veksten i G frå 1. mai vert 6,41 pst.
Det gjennomsnittlege G blir auka frå 109 784 kr i 2022 til 116 239 kr i 2023. Nytt G frå 1. mai 2023 er 118 620 kr.
Det er eit avvik i prisveksten for 2022 på 2,4 som skal takast omsyn til i årets regulering.
Samla prosentvis prisvekst i 2023 er 7,93 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 6,91 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 8,54 pst. frå 1. mai.
Emner
Lønn og inntektTrygder
Saksgang
- Melding
- Komitebehandling
- Debatt og vedtak
Saksordfører
- Tuva Moflag (A)
Voteringer
- Votering 21369 – Ikke vedtatt, 5 for og 96 mot
- Votering 21370 – Ikke vedtatt, 13 for og 87 mot
- Votering 21371 – Ikke vedtatt, 18 for og 83 mot
- Votering 21372 – Ikke vedtatt, 15 for og 86 mot
- Votering 21373 – Ikke vedtatt, 26 for og 75 mot
- Votering 21374 – Ikke vedtatt, 28 for og 73 mot
- Votering 21375 – Vedtatt