Stortingsradar

Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet

Alminnelig sak · Behandlet · Kontroll- og konstitusjonskomiteen · Sesjon 2024-2025

Kort om vedtaket

Stortinget har handsama og lagt ved møteboka innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen si undersøking om arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet. Riksrevisjonen meiner det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning. Bistanden er ikkje tilstrekkeleg tilpassa unge med samansette utfordringar, og unge med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg og koordinert oppfølging. Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sin kritikk og tilrådingar. Komiteen ber Arbeids- og inkluderingsdepartementet i gjennomføringane av tilrådingane om å vurdere kva som er årsaka til at tiltak og satsingar har hatt liten effekt, og kvifor tiltak som har effekt, vert nytt i for liten grad, og nytte kunnskapen til å setje i verk tiltak som har effekt.

Emner

ArbeidslivPsykisk helseRiksrevisjonenSysselsettingTrygderUngdommer

Saksgang

  1. Forslag
  2. Komitebehandling
  3. Debatt og vedtak

Saksordfører

Voteringer

Se kilden på stortinget.no ↗