Votering 17524: Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2021 m.m.
Sak: Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2021 m.m.
Forslag
Komiteens tilråding romertall I.
I statsbudsjettet for 2021 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
2315 |
1 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med |
2 045 000 000 |
|
502 |
71 |
Opplæring og utvikling av tillitsvalde, auka med |
4 800 000 |
|
frå kr 203 900 000 til kr 208 700 000 |
Komiteens tilråding romertall II.
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2021 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 27. mai 2021.
Komiteens tilråding romertall III.
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2021 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 27. mai 2021.
Komiteens tilråding romertall IV.
For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
Komiteens tilråding romertall V.
Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.