Votering · Transport- og kommunikasjonskomiteen · 05.04.2022
Representantforslag om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur
Følg sakenFå e-post når saken endrer status. Gratis i betaperioden.
Ser du en feil i tallene?
Meld feilKort om vedtaket
Stortingets eget sammendragStortinget har behandla forslag frå representantar frå Høgre om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur. Stortinget vedtok å be regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilheitlege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnett og for fylkesvegnett. Planen skal være ferdig før utgangen av 2023. Vidare ba Stortinget regjeringa opprette ei insentivordning for utgreiing, installering og drift av førebyggjande skredkontrollanlegg og varslingssystem. Stortinget vedtok også å be regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring og vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale med tanke på tidleg involvering og opne nok slik at ein kan ta i bruk innovative løysingar. Stortinget ba også regjeringa fylgje opp arbeidet som blir utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen.
Forslag
Komiteens tilråding
Stortinget ber regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Planane skal vera ferdige før utgangen av 2023.