Votering · Transport- og kommunikasjonskomiteen · 21.11.2023
Representantforslag om utvida bruk av maritim ladeinfrastruktur
Forslag i denne voteringen:
- Komiteens tilråding romertall I.
- Komiteens tilråding romertall II.
Følg sakenFå e-post når saken endrer status. Gratis i betaperioden.
Ser du en feil i tallene?
Meld feilKort om vedtaket
Stortingets eget sammendrag av hele sakenStortinget har handsama eit representantforslag frå Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti om utvida bruk av maritim ladeinfrastruktur. Stortinget vedtok å be regjeringa sette i gang eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastuktur på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy kan gjerast tilgjengelig for anna sjø- og landtransport, gjerne gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar. Vidare vedtok Stortinget å be regjeringa sikre at det for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir vurdert korleis el-infrastruktuen kan tilgjengeleggjerast for andre brukarar, og stille krav om dette i dei komande anboda.
Forslag
Komiteens tilråding romertall I.
Stortinget ber regjeringa sette i gang eit arbeid der ein vurderer korleis og på kva måte infrastruktur på land for etablerte elektriske ferjer eller andre maritime fartøy kan gjerast tilgjengeleg for annan sjø- og landtransport, gjerne gjennom kommersielle lade- og landstraumaktørar.
Komiteens tilråding romertall II.
Stortinget ber regjeringa sikre at det for komande offentlege anbod for kommersielle ferjer og hurtigbåtar blir vurdert korleis el-infrastrukturen kan tilgjengeleggjerast for andre brukarar, og stille krav om dette i dei komande anboda.