Votering · Energi- og miljøkomiteen · 13.06.2024
Ein forbetra tilstand for villrein
Forslag i denne voteringen:
- Komiteens tilråding romertall I.
- Komiteens tilråding romertall IV.
- Komiteens tilråding romertall V.
Følg sakenFå e-post når saken endrer status. Gratis i betaperioden.
Ser du en feil i tallene?
Meld feilKort om vedtaket
Stortingets eget sammendrag av hele sakenStortinget har behandla ei melding frå regjeringa om forbedta tilstand for villrein. I saksbehandlinga i energi- og miljøkomiteen vart det fremma fleire forslag. Det følgjande fire forslaga vart vedtekne:
- Stortinget ber regjeringa gå vidare med å setje "Villreinfangst på Dovre" på Noregs tentative liste for verdsarvområde.
- Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda må få tilsvarande styringsverktøy enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på anna eigna måte inkludere eigne føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.
- Stortinget ber regjeringa sikre gode avbøtande tiltak for frivillig sektor i dei tilfelle merka stiar eller turisthytter må leggjast ned eller flyttast.
- Stortinget ber regjeringa snarast reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kildebestanden er friskmeldt på bestandsnivå slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptavelt nivå.
Forslag
Komiteens tilråding romertall I.
Stortinget ber regjeringa gå vidare med å setje ‘Villreinfangsten på Dovre’ på Noregs tentative liste for verdsarvområde.
Komiteens tilråding romertall IV.
Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.
Komiteens tilråding romertall V.
Meld. St. 18 (2023–2024) – om Ein forbetra tilstand for villrein – blir vedlagt protokollen.