Stortingsradar

Votering 23490: Utbetaling av nye løningar for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2024 m.m.

Enstemmig vedtatt · Kommunal- og forvaltningskomiteen

Sak: Utbetaling av nye løningar for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2024 m.m.

Forslag

Komiteens tilråding romertall I.

Stortinget samtykker i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med hovudtariffoppgjeret i staten 2024 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med tjenestetvistloven § 31 andre ledd.

Komiteens tilråding romertall II.

Stortinget samtykker i at medlemane av Akademikerne og Unio får utbetalt løn i samsvar med avgjerda til Rikslønsnemnda.

Komiteens tilråding romertall III.

Etter at det endelege resultatet av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet ligg føre, samtykker Stortinget til at medlemar av LO Stat og YS Stat får utbetalt løn i samsvar med møteboka til Riksmeklaren datert 24. mai 2024, jf. vedlegg 1 og 2 i Prop. 108 S (2023–2024), gitt at LO Stat og/eller YS Stat har fått ja i avrøystinga hos sine medlemar.

Komiteens tilråding romertall IV.

Stortinget samtykker i at dersom det blir nei i avrøystinga hos medlemar av LO Stat og/eller YS Stat, og tvisten blir avgjort i Rikslønsnemnda, får medlemane av LO Stat og/eller YS Stat utbetalt løn i samsvar med avgjerda til Rikslønsnemnda.

Se kilden på stortinget.no ↗