Votering · Arbeids- og sosialkomiteen · 19.06.2025
Regulering av pensjonar i 2025 og inntektstilhøve for pensjonistar
Følg sakenFå e-post når saken endrer status. Gratis i betaperioden.
Ser du en feil i tallene?
Meld feilKort om vedtaket
Stortingets eget sammendragLønnsveksten i 2025 vart anslått til 4,4 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 5,6 pst. i 2024. Det ligg føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,4 prosentpoeng, som det skal takast omsyn til i årets regulering. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2025 på 4,82 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,94 pst.
Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 122 225 kroner i 2024 til 128 116 kroner i 2025. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2025 er 130 160 kroner.
Veksten i konsumprisane i 2025 er anslått til 2,8 pst. Faktisk prisvekst i 2024 er fastsett til 3,1 pst. Det er eit negativt avvik i prisveksten for 2024 på 0,8 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering.
Samla prosentvis prisvekst i 2025 er 1,98 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 3,40 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 3,71 pst. frå 1. mai.
Forslag
Komiteens tilråding
Meld. St. 27 (2024–2025) – Regulering av pensjonar i 2025 og inntektstilhøve for pensjonistar – vedlegges protokollen.