Regulering av pensjonar i 2025 og inntektstilhøve for pensjonistar
Kort om vedtaket
Lønnsveksten i 2025 vart anslått til 4,4 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 5,6 pst. i 2024. Det ligg føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,4 prosentpoeng, som det skal takast omsyn til i årets regulering. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2025 på 4,82 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,94 pst.
Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 122 225 kroner i 2024 til 128 116 kroner i 2025. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2025 er 130 160 kroner.
Veksten i konsumprisane i 2025 er anslått til 2,8 pst. Faktisk prisvekst i 2024 er fastsett til 3,1 pst. Det er eit negativt avvik i prisveksten for 2024 på 0,8 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering.
Samla prosentvis prisvekst i 2025 er 1,98 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 3,40 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 3,71 pst. frå 1. mai.
Emner
Trygder
Saksgang
- Melding
- Komitebehandling
- Debatt og vedtak
Voteringer
- Votering 26231 – Ikke vedtatt, 19 for og 83 mot
- Votering 26232 – Ikke vedtatt, 15 for og 87 mot
- Votering 26233 – Ikke vedtatt, 32 for og 70 mot
- Votering 26234 – Ikke vedtatt, 27 for og 75 mot
- Votering 26235 – Ikke vedtatt, 43 for og 59 mot
- Votering 26236 – Vedtatt