Representantforslag om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur
Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland, Helge Orten, Olve Grotle og Aleksander Stokkebø om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur
Kort om vedtaket
Stortinget har behandla forslag frå representantar frå Høgre om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur. Stortinget vedtok å be regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilheitlege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnett og for fylkesvegnett. Planen skal være ferdig før utgangen av 2023. Vidare ba Stortinget regjeringa opprette ei insentivordning for utgreiing, installering og drift av førebyggjande skredkontrollanlegg og varslingssystem. Stortinget vedtok også å be regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring og vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale med tanke på tidleg involvering og opne nok slik at ein kan ta i bruk innovative løysingar. Stortinget ba også regjeringa fylgje opp arbeidet som blir utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen.
Emner
NaturskaderSamferdselVegvesen
Saksgang
- Forslag
- Komitebehandling
- Debatt og vedtak
Saksordfører
- Frank Edvard Sve (FrP)
Voteringer
- Votering 18470 – Ikke vedtatt, 16 for og 83 mot
- Votering 18471 – Vedtatt, 52 for og 47 mot
- Votering 18472 – Vedtatt