Stortingsradar

Votering 23611: Endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)

Vedtatt · Justiskomiteen

Sak: Endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)

83 for, 12 mot, 74 ikke til stede.

Stemmer per parti

PartiStemmeAntall
ikke tilstede1
Arbeiderpartietfor26
Arbeiderpartietikke tilstede19
Fremskrittspartietikke tilstede8
Fremskrittspartietmot12
Høyrefor19
Høyreikke tilstede16
Kristelig Folkepartifor1
Kristelig Folkepartiikke tilstede2
Miljøpartiet De Grønnefor1
Miljøpartiet De Grønneikke tilstede1
Pasientfokusfor1
Rødtfor4
Rødtikke tilstede4
Senterpartietfor14
Senterpartietikke tilstede8
Sosialistisk Venstrepartifor6
Sosialistisk Venstrepartiikke tilstede5
Venstrefor2
Venstreikke tilstede6

Forslag

Komiteens tilråding

om endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)

I

I lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon vert det gjort følgjande endringar:

§ 37 skal lyde:
§ 37 Gebyr og utgifter

For å dekke utgiftene til våpenforvaltinga kan politiet krevje gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i eller i medhald av denne lova. Gebyret kan også omfatte naudsynte utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild fagdugleik.

§ 38 skal lyde:
§ 38 Forholdet til forvaltningsloven og bruk av automatiserte avgjerder

Forvaltningsloven gjeld for saker etter denne lova med dei særreglane som er fastsette i paragrafen her eller i forskrift i medhald av § 41 nr. 32. Politiet kan krevje at personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16 er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels innførsel til jaktføremål.

Politiet kan ta avgjerder i saker etter denne lova som åleine er gjorde på grunnlag av automatisert handsaming av personopplysingar, medrekna særlege kategoriar av personopplysingar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga må trygge forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern av personopplysingar. Avgjerda kan ikkje byggje på skjønnsmessige vilkår i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er tvillaus. Den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.

§ 41 nr. 32 skal lyde:
  • 32. forholdet til forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar, reglar knytte til intervju og unnatak frå teieplikta, og bruk av automatiserte avgjerder, jf. § 38 første og andre ledd,

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Se kilden på stortinget.no ↗